Sio sist eg skreiv har da skjedd litt av kvart her. Dag har kommt tebake fra syden, brun og fin. Nei, berre brun. Mats har vore sjuk. Han har hatt vondt i magen, og nesten ikkje spist på nåkken daga, so no e han blitt tynn og fin. Nei, berre tynn.
Dag han slutta lika godt jobben når han sku te syden han. Så han har vore arbeidslaus, fram te i måro.
Dag har i helgo ronda Settlers, mens Mats har sett på TvNorge 20 tima i strekk. Sånn såg da ut i ståvo heile søndag:

Seint på søndagskvelden bestemte eg meg for å laga bolla. Eller for å væra ærlig, Mats og Dag bestemte meg for å laga bolla. Da gjekk. Men eg e tydeligvis veldig dårlig te da. Deigen hang seg fast i meg. Til slutt (ette kjempe lenge med heving), fekk eg bollane i ovnen. Og di va faktisk veldig gode.

Eller so slutta dassen i 2 etasje å funka. Eller, den funka, men vannledningen lakk, så da va vattn øvealt. Me måtte bruka den gammaldagse dassen i 3 etasje. Når Dag og Thomas kom heim fra byn på lørdags natt, bestemte di seg for å stenga da vatnet. Nåkke so va ein øverraskande god ide for to fulle gutta å væra. I samma slengen la dag ein lapp på dassen "Piss oppe! Dassn e stængt!".
Denne lappen trudde verken eg eller Rola nåkke på, nåkke so medførte at eg måtte tømma ei bøtta med vattn oppi, for å "skjylla ner". Da funke forresten veldig bra.
I dag kom rørleggarane, og di fiksa dassen for oss. Og ikkje berre da, di bretta sammen lappen, og la den tilbake på plass. Flinke gutta

Forresten, kem eige den sokken so ligge på venstre sia av dassen? Den har lågge der veldig lenge no. Eg ville ikkje tatt den på meg for å sei da sånn.
Etiketter: boller, dass, latskap